Framleis høg arbeidsløyse, men lyspunkt å sjå

Som einaste kommunen på Søre Sunnmøre fekk Herøy ein auke i arbeidsløysa siste månaden.

NAV illustrasjon Foto: Bjørnar Torvholm Sævik 

Nyhende

Det vart 224 færre arbeidsledige i Møre og Romsdal siste månaden, men i Herøy auka talet med 15 i høve til månaden før. 200 personar er no heilt arbeidsledige i Herøy, noko som svarar til 4,4 prosent av arbeidsstyrken i kommunen.