Sæmund Helde og Thomas Frekøy Skeide med eksklusiv konsert

Av smittevernomsyn får berre 20 publikummarar vere til stades når to lokale stjerneskot, Sæmund Helde og Thomas Frekøy Skeide, inviterer til konsert på Fosnavåg konserthus onsdag.

Thomas Frekøy Skeide og Sæmund Helde: Desse to har stått på scena i lag før. No i påska får eit avgrensa publikum sjå dei musisere i lag på Fosnavåg konserthus. Arkivfoto: Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

– Desto meir eksklusivt tenker eg. Det einaste eg angrar på er at billettprisen ikkje stod i stil med eksklusiviteten.