Larsnes-klager ikkje tekne til følgje

Statsforvaltaren vender tommelen ned til klager mot planane til Larsnes Mek. Verksted AS.

Larsnes Mek: Formannskapet i Sande var for nokre veker tilbake på omvising hos Jarle Gunnarstein & co. på verftsområdet.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Verftet held som kjent på med ei større oppgradering, mellom anna med etablering av fleire kaier. Sentralt i planane framover er også realiseringa av ei overbygd tørrdokk lengst sør på verftsområdet.