Ein farfar i livet:

"Gråtassen, ein Massey Ferguson diesel, var «bilen» til farfar"

Eg vil gjerne dele historia om farfaren min, sjølv om det er litt privat. Det er ei historie om ein farfar som levde til eg var vel 21 år, og som eg fekk kjenne som ein kreativ og humoristisk mann.

Sigurd Høvyik: Farfar, Sigurd Høyvik var fødd i Høyvikbygda i Sunnfjord. Kom til Flø i 1915, der budde han resten av livet. Foto: Ole M. Ellefsen 

Eg var så syndig at eg nemnde for farfar at partiet hans hadde gått i oppløysing. Då fauk han opp og ville setje meg på første buss heim.

Nyhende

Men det er også ei historie om ein mann, som midt i livet vart råka av tunge og djupe depresjonar. Han vart meir og mindre liggande til sengs i nesten 10 år. Det var veldig vanskeleg i den tida, ja, det var tabu og stigmatisering, og noko folk ikkje skjøna.