Skummelt hjortemøte på Frøystadtoppen søndag kveld

Søndag kveld kolliderte Fram Møre og Romsdal sin buss med ein hjort på Frøystadtoppen.

Knust frontrute: Her ser vi korleis frontruta på bussen såg ut etter den skumle kollisjonen. Heldigvis gjekk det bra med både sjåfør, passasjerar og dyr. Foto: Sigurd Nygard. 

Nyhende

Heldigvis gjekk det bra med både bussjåfør og passasjerar, men frontruta på bussen fekk seg ein real trykk. Etter å ha kome til staden kunne viltnemnda, Sigurd Nygard, elles konstatere at også hjorten kom heilskinna frå uhellet.