Denne mannen tordnar mot flytting av legevakta

Herleif Ulstein meiner det er grunn til å rope eit kraftig varsku rundt det som held på å skje med legevakta for Herøy og Sande.

KYNISK: – Det blir kynisk når kommunale kroner skal telje meir enn liv og helse, seier Herleif Ulstein frå Haugsbygda.  Foto: Arkiv

Nyhende

– Det vi no er vitne til vil eg kalle ei kynisk tilsidesetting av omsynet til liv og helse for innbyggarane i Herøy og Sande, basert eine og åleine på uhaldbare økonomiske vurderingar, seier Ulstein frå Haugsbygda.