Lokalpolitikarane i Herøy har sagt sitt om legevakt:

– Den beste løysinga er i Hovdebygda

Sjølv om det sat langt inne for nokre gjekk det store fleirtalet i Herøy kommunestyre inn for at kvelds-, helg- og nattlegevakta blir samlokalisert i Hovdebygda i Ørsta.

Birgitte Sævik Pedersen (KrF): Peikte på fleire fordelar ved at ein flyttar legevakta til Hovdebygda. For legane får ein eit større og meir robust apparat rundt seg, noko også pasientar tenar på. Tilbodet blir forhåpentlegvis endå betre fagleg og belastninga for legane blir redusert. Det kan vere med på å styrke rekrutteringa. Så er det ikkje til å stikke under stol at her er pengar å spare, trass i at reisevegen for lokalbefolkninga blir lenger.   Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik

Slik vi ser det er dette den beste løysinga for kommunen økonomisk og for legane som får fastlønn,

Birgitte Sævik Pedersen
Nyhende

Då saka var oppe til debatt torsdag, var det KrF-representant Birgitte Sævik Pedersen som leia an i debatten. Ho tala for å gå for tilrådinga om samlokalisering, noko eldrerådet, råd for menneske med nedsett funksjonsevne, utval for helse og omsorg og formannskapet hadde tilrådd politikarane å gjere.