Dei gode fiska i 1860-åra vart opptakta til det moderne forretningslivet her ute på øyane. Dei gamle handelsstadane i ytre-luten av Herøy fekk oppsving, og nye forretningssenter kom til: Fosnavåg, Eggesbønes og Bøvågen. Den siste fekk ei kort historie, men dei to andre fekk grunnlagt eit forretningsliv som gjennom skiftande kår auka på etter kvart som åra gjekk.
Harald Thorseth:
Fosnavåg – skapt av havet og hamna
I uminnelege tider har det vore drive torskefiske på Sunnmørskysten. Fosnavåg fekk etter kvart ei viktig rolle i dette og andre fiske.
VÅRTORSKEFISKE: Både vekt og kvalitet er av godt, gammalt merke, meinte kvalsvikaren Oskar Kvalsvik og Alfred Kalland frå Runde då dei vart knipsa ved Hansenkaia i Fosnavåg under vårtorskefisket i 1980. Alfred eigde båten «Odd-Einar». Foto: Harald Thorseth
Nyhende