Leiar:

Endå ei korona-påske står for døra

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

For nokre månader sidan håpte dei fleste av oss at påska 2021 kanskje kunne bli tilnærma som normalt. Men pandemien ville det annleis. No er vi inne i ei tredje bølgje - om enn i varierande grad geografisk sett – som har ført til ny nasjonal nedstenging.

Dette betyr at slekt og vener i svært liten grad får møtast i påska. Møteplassar er nedstengde, folk må avgrense kontakt med andre, og no har også mange bedrifter, der det er mogleg, gått over til å ha sine tilsette på heimekontor.


Nye nasjonale koronatiltak:

Skjenkestopp, to meters avstand og forbod mot innandørs idrett- og fritidsaktivitet

Regjeringa innfører koronainnstrammingar som gjeld i heile landet. – Det er nødvendig med strengare tiltak no, seier helseminister Bent Høie (H) på ei pressekonferanse tysdag kveld.


Verre er det at delar av næringslivet igjen får ein knekk. Eit døme kan vere Sunnmørsbadet som hadde sett fram til ein god vårsesong, for om mogleg å ta att noko av det tapte. Det synest både underleg og urettferdig at denne bedrifta heller ikkje kvalifiserer til støtte for store korona-relaterte tap det siste året.


Sunnmørsbadet stenger ned torsdag:

- Det er trist og vi taper vår beste sesong

Karl Petter Sortehaug, dagleg leiar for Sunnmørsbadet, forstår at ein no «stenger ned landet» igjen, men likevel er det med tungt hjarte han må lukke dørene på badeland frå torsdag av.


Siste tida har det vore svært lite koronasmitte i Herøy og Sande. Berre sporadisk har det vore eitt og anna smittetilfelle. Men sidan det har kome nye variantar av viruset som både smittar lettare og kan gje eit meir alvorleg sjukdomsforløp, er det faktisk grunn til å vere meir på vakt no enn for eit år tilbake. Nabokommunen til Sande, Stad, har til dømes vore heilt i landstoppen når det gjeld smitte.



Vi må berre smørje oss med tilmod ein periode til. Vaksineringstempoet er dessverre langt lågare enn kva vi vart førespegla ved juletider. I tillegg har ein av vaksinane, av typen AstraZeneca, meir eller mindre blitt forkasta etter fleire tilfelle av svært alvorlege biverknader.

Anten vi likar det eller ikkje er det slik stoda er. Det er mykje vi ikkje får lov til å gjere eller vere med på. Men lista over ting vi faktisk kan gjere, er langt meir omfattande!