Kaja Runde for rett heim for å heise flagget då Havsul 1 ikkje fekk utsett igangsetjinga:

– Tårene trillar, dei tok til "vet" til slutt

Kaja Runde har saman med folket på Runde og fleire andre på Sunnmøre kjempa hardt for at Havsul 1 ikkje skulle få utsett igangsettingsfrist for sitt planlagde havvind-kraftverk utanfor Harøya. No er ho overlukkeleg etter at vindkraftanlegget har fått tommel ned frå styresmaktene.

Kaja Runde og barna på Runde er blant dei som har stått trufaste i kampen mot vindkraftannlegget.   Foto: Kjetil Haanes

Nyhende

– No er eg på veg heim for å heise flagget. Tårene trillar og eg trur vi er mange som kjenner på ei enorm gledje. No kan vi ønskje fuglane velkomne til Runde og vite at dei er trygge. Samstundes kan vi vere glade for at fiskarane kan halde fram med å hauste frå havet, seier ei overlukkeleg Runde då vi ringer ho.