Person i Herøy har testa positivt - ingen nærkontaktar

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Ein person busett i Herøy har testa positivt for covid-19 etter innreise til Noreg. Det melder Herøy kommune onsdag kveld. Testen vart teken under opphald i karantenehotell den 22.03.21. Isolasjon vert gjennomført i samsvar med regelverket. Det er ingen nærkontaktar og såleis har det ikkje vore naudsynt å sette nokon i karantene, opplyser kommuneoverlegen.

Kommunen kan elles opplyse at det i samband med oppfølging av elevar frå Stokksund skule i helga og måndag har blitt teke 118 testar. Ingen av desse har vist positivt resultat, opplyser kommuneoverlegen. Skulen gjekk såleis attende til normal drift onsdag 24.03.21.