Desse vil bli ny kommunalsjef i Herøy - ei av dei er tidlegare rådmann i Vanylven

Tidlegare rådmann i Vanylven, Rita Kvamme, er mellom søkjarane til den ledige kommunalsjefstillinga i Herøy.

Rita Kvamme: Tidlegare rådmann i Vanylven har søkt den ledige stillinga som kommunalsjef i Herøy etter Andreas Chr. Nørve. 

Nyhende

Herøy kommune er på leiting etter erstattar for Andreas Chr. Nørve som er tilsett som ny kommunaldirektør i Vanylven. No er Vanylven sin tidlegare rådmann ein av søkjarane til den ledige kommunalsjefstillinga for samfunnsutvikling i Herøy etter sin forgjengar i Vanylven.