Sunnmørsbadet stenger ned torsdag:

- Det er trist og vi taper vår beste sesong

Karl Petter Sortehaug, dagleg leiar for Sunnmørsbadet, forstår at ein no «stenger ned landet» igjen, men likevel er det med tungt hjarte han må lukke dørene på badeland frå torsdag av.

Karl Petter Sortehaug: Dagleg leiar for Sunnmørsbadet seier situasjonen er tøff.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Regjeringa bestemte tysdag at alle symjehallar i landet skal stengjast, men at dei kan ha ope for mellom anna barn på symjetrening og personar som treng bassenget til rehabilitering.