Stokksund-elevar korona-testa søndag:

Fire negative hurtigtestar

Fleire elevar frå Stokksund skule som deltok på leiropphald på Bjorli sist veke har fått luftvegssymptom.

Korona Covid-19 

Nyhende

Oppdatering søndag ettermiddag:

Det er i dag teke antigen-hurtigtestar av fire elevar med symptom. Desse fire testane viste negative resultat. Det vil seie ikkje teikn til covid-19. Det er også teke ordinære testar, som er sendt til analyse ved Molde sjukehus. Svar på desse får vi først i morgon kveld, måndag, heiter det i ei pressemelding på Herøy kommune sine heimesider.

Slik situasjonen er i dag, har kommuneoverlegen fastsett følgjande:

1. Alle elevar og deira føresette/søsken/husstand vert bedne om å bestille time for testing ved Myrvåg legesenter måndag føremiddag. Bestilling av test gjer ein elektronisk på kommunen sine heimesider. Gjerne i dag.

2. Elev og husstand vert tilrådd å vere i ventekarantene heime til svar på testar tekne måndag ligg føre tysdag kveld.

3. Elevane i 9. klasse og lærarane som deltok på leirskulen, møter ikkje på skulen måndag og tysdag.

Det er ikkje nødvendig med tiltak ut over det som her er skildra. Ved endring i situasjonen vert det gitt ny informasjon.

Søndag 21. mars kl. 14.00:

Fleire elevar frå Stokksund skule som deltok på leiropphald på Bjorli sist veke har fått luftvegssymptom.

Det er sett i verk undersøking av kva som er årsak til symptoma. I samsvar med «føre var»-prinsippet, har kommuneoverlegen rådd til at dei elevane og lærarane som deltok på leiren ikkje møter på skulen måndag 22. mars. Det vert gitt ny informasjon i søndag kveld når ein får meir oversikt over situasjonen.