Etterlyste grundigare utgreiing om psykososialt kriseteam

Politikarane i Herøy formannskap var langt på veg nøgde med den reviderte beredskapsplanen i Herøy, men hadde likevel nokre punkt dei ønskjer klarleik rundt.

Herøy formannskap: Med bakgrunn i ein ny heilskapleg ROS-analyse er beredskapsplanen i Herøy oppdatert og forbetra, noko formannskapet fekk gå gjennom i sitt møte denne veka. forhald til gjeldande lovverk  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Linn Therese Sævik (KrF) hadde til dømes fleire ting ho ønskja meir tydeleg presisert i planen. Som også Tine Storøy (H) påpeika, kunne Sævik ønskje seg at det stod noko meir i beredskapsplanen om korleis ein skal handtere eventuell vassmangel og kva ein har av tilgjengelege ressursar her. Til dette svara kommunedirektøren at Herøy Vasslag sit i beredskapsrådet og at det er dei som sit på korta i denne samanheng.