Skal fordele 813.192 kroner i koronahjelp til lokale verksemder i Herøy:

– Gledeleg i ei krevjande tid

Herøy kommune har fått løyvd 813.102 kroner frå Stortinget for å hjelpe lokale verksemder som har blitt hardt råka av pålagde smitteverntiltak og tapt omsetjing på grunn av koronapandemien.

Administrerer: Saman med Havlandet er det Ole Magne Rotevatn som administrere ordninga for Herøy kommune. 

Nyhende

Det orienterte avdelingsleiar for utvikling Ole Magne Rotevatn om i formannskapsmøtet i Herøy denne veka. Han kunne vidare informere om at ein har sett ein relativt kort søknadsfrist, 30. mars, for å få ut pengane til bedrifter i kommunen som treng rask hjelp.