Barkskrella tre på Herøy:

– Dei klarer seg viss dei har igjen ein liten flik bark

Ein turgåar på Herøy ringde Vestlandsnytt og var uroa for ei klynge rundbarka tre på Herøy. Vi undersøkte saka nærmare.

Rundbarka: Desse trea – på ein privat eigedom på Herøy – var truleg planta for minst 100 år sidan. No vil fleire av dei døy. Det har si naturlege forklaring.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

La oss først slå fast tre ting: Trea står på privat eigedom, det er sauer som står bak barkskrellinga, og dei fleste trea kjem til å døy relativt raskt.