Sjå UKM i Herøy direkte på laurdag

Laurdag er det duka for UKM i Herøy, og i år kjem kulturmønstringa i digital drakt.

UKM: Her ser vi eit glimt frå fjorårets UKM. Det er Mina Kvalsund Brendmo som syng.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Alle innslag er spelt inn på video på førehand, med profesjonell lyd og lys levert av Fosnavåg konserthus og produksjon signert HerøyLAN. Sendinga, som vert sendt live klokka 15 på vestlandsnytt.no, får elles eit direktesendt tilsnitt.

Programleiarane, Maria Isabell Espeseth Sævik (17) og Sivert Sporstøl Leine (14) vil lose oss gjennom sendinga live frå eit studio som ein riggar til på Fosnavåg konserthus. Her får elles deltakarar og deira nærmaste vere til stades som studio- publikum.

I år har mønstringa 14 påmelde deltakarar, så må ein også rekne med dei 11 som står som arrangørar frå Herøy ungdomsråd og dei fire som stiller som media-crew frå HerøyLAN. Dei gler seg alle til å levere eit storstilt digitalshow for folket i Herøy, og håper fleire tek seg tid til å sjå på sendinga som dei har lagt ned mykje tid i å produsere.

I tillegg til mellom anna dans, folkemusikk, songnummer og EDM-innslag, er det sett av tid i sendinga for utdelinga av to prisar; ungdommens kulturpris for 2019 og 2020.

(Streamen vil starte litt før klokka 15 laurdag og blir tilgjengeleg gratis på vestlandsnytt.no.)


Slik blir UKM i Herøy i år:

Ei storstilt TV-sending!

I år blir UKM i Herøy gjennomført digitalt, men det blir ikkje noko dårlegare av den grunn. Nei, snarare tvert imot. Her blir det TV-studio, fleirkameraproduksjon og heimesnikra videoar.



Ungdomsrådet har planane klare:

Slik blir årets UKM i Sande

Ungdomane i Sande ungdomsråd har vedteke å planlegge ei digital utgåve av årets UKM. Planen er å legge til rette for ei digital sending 27. mars, der ein vil vise innslag frå kreative ungdomar.