Jonas Alaska med band til Fosnavåg

Jonas Alaska blir ofta omtala som ein av dei sterkaste låtskrivarane vi har. Onsdag kjem han til Fosnavåg med musikarane David Wallumrød og Olaf Olsen.

Jonas Alaska  Foto: Pressefoto

Nyhende

Han slapp sitt femte soloalbum; Roof Came Down i september i fjor, og på denne trio-turné har han med seg to av dei mest ettertrakta musikarane i landet, David Wallumrød (Bjørn Eidsvåg, Odd Nordstoga mfl) på tangentar og Olaf Olsen (Bigbang) på trommer, som begge også spelar på det nye albumet.