Fleire frå Herøy og Sande sette i karantene etter utbrotet ved Volda vgs

Til saman 13 personar som er busette i Herøy og Sande er sette i karantene etter at det før helga vart oppdaga smitte mellom elevar frå Volda vgs.

Karantene: Elevar og nærkontakter til smitta elev i Volda er sette i karantene. I Herøy gjeld det sju personar pluss deira familier og nærkontakter. 

Nyhende

I fylgje Volda kommune er 40 elevar frå Ørsta og Volda sine nabokommunar, sette i karantene.

Av desse er sju personar frå Herøy definerte som nærkontakter til påvist smitta person. Desse er i fylgje Herøy kommune sette i smittekarantene i ti dagar.

Husstandsmedlemer og andre personar som har hatt kontakt med dei sju nærkontaktene i Herøy er sette i ventekarantene.

Søndag føremiddag fekk Vestlandsnytt svar frå Sande kommune:

- Seks personar som er busette i Sande er i karantene etter utbrotet av mutert virus i Volda. Personane vart testa laurdag og ventar no på prøvesvar, vert det opplyst. Her har nærkontaktene til dei seks fått beskjed om å halde seg i ro inntil vidare.

Avisa Møre opplyste laurdag kveld at det då var to Volda vgs-elevar som var stadfesta med smitte, og det skal altså dreie seg om ein mutert variant av Covid-19.

Laurdag vart elevar ved Herøy kulturskule sette i karantene, etter ei sak som relaterer seg til utbrotet ved Volda vgs:


Koronasmitte ved Volda vg skule

Kulturskuleelevar i Herøy sette i vente-karantene

Eit arrangement i regi av Herøy kulturskule som skulle ha gått av stabelen laurdag ettermiddag, er utsett.