Ein av ungdomane frå Sande er smitta

Søndag ettermiddag kom meldinga om at ein av dei seks Sande-ungdomane tilknytt utbrotet ved Volda vgs, er smitta.

Koronasmitte i Sande igjen: Eit smitteutbrot i Volda, konkret knytt til Volda vgs, har ført til at ein person frå Sande no er stadfesta med koronasmitte. 

Nyhende

Det opplyser Sande kommune, som legg til at det vert jobba med smittesporing i samband med denne saka.

Laurdag kveld vart det kjent at 13 ungdomar frå Herøy og Sande var definerte som nærkontakter i samband med eit arrangement i regi av Volda vgs sist veke. I tillegg var det nærkontakter i Hareid, Ulstein og Vanylven, mellom anna.

Av dei 13 er det sju ungdomar frå Herøy og seks frå Sande.

Tidlegare søndag skreiv Sande kommune fylgjande på heimesidene sine om denne saka:

"6 elevar på videregående skule, busett i Sande, er i karantene som nærkontakter. Dette på grunn av utbrudd av mutert virus i Volda. Alle dei seks er friske og vart testa i går. Familiemedlemmane til dei seks er av kommunelegen oppmoda om å gå i ventekarantene."

Vurderer tiltak

Sande kommune opplyser at ein no vurderer tiltak knytt til smittesituasjonen.

- Ordføraren har kalla inn til møte i ein avgrensa krisestab klokka 21 og det blir gitt meir informasjon i etterkant av dette møtet, heiter det frå kommunen.


Fleire frå Herøy og Sande sette i karantene etter utbrotet ved Volda vgs

Til saman 13 personar som er busette i Herøy og Sande er sette i karantene etter at det før helga vart oppdaga smitte mellom elevar frå Volda vgs.



Koronasmitte ved Volda vg skule

Kulturskuleelevar i Herøy sette i vente-karantene

Eit arrangement i regi av Herøy kulturskule som skulle ha gått av stabelen laurdag ettermiddag, er utsett.