Bjørn Prytz har spesielt éi bekymring eitt år inn i pandemikampen:

Er uroa for dei unge

Bjørn Prytz meiner kommunen har handtert koronapandemien godt, og roser spesielt sin kollega Bjørn Martin Aasen for iherdig innsats. Herøy-ordføraren er derimot uroa for kva konsekvensar sosial nedstenging har hatt for barn og unge.

Bjørn Prytz: Herøyordføraren er uroa for kva konsekvensar pandemien har for oppslutnaden kring dei organiserte fritidsaktivitetane for barn og unge. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik 

Nyhende

– Det siste året har vore rart på mange måtar. Det blei i alle fall ikkje slik eg opphaveleg hadde sett det føre meg, med ordførarbesøk og møte med folk.