Bjørn Martin Aasen la pensjonisttilværet på hylla for å hjelpe lokalsamfunnet:

– Kvar kveld, litt før klokka 20, blir eg litt nervøs for å sjekke telefonen

Sjølv om Bjørn Martin Aasen (76) har måtte ta med seg jobben heim nesten kvar dag dei siste 12 månadane, angrar han ikkje på at han tok på seg ansvaret som smittevern- og deretter kommuneoverlege i Herøy.

Fekk kommunikasjonspris: Bjørn Martin Aasen vart nyleg tildelt kommunikasjonspris for måten han har informert lokalbefolkninga og næringslivet gjennom koronaåret. Sjølv er Aasen audmjuk overfor utmerkinga og presiserer at prisen er ein som i realiteten tilhøyrer heile staben han har kring seg. Det er noko han er stolt over. 

Nyhende

– Det er veldig fagleg interessant og eg er framleis ei nysgjerrig sjel. Eg likar å organisere og sette i verk ting. Til det har eg også veldig flinke folk som bidreg rundt meg. Eg synest det er fantastisk kjekt. Det er hyggeleg å kunne bidra til at folk skal føle seg trygge i kommunen.