Vaksinering i Herøy:

Vidare på prioriteringslista?

Neste veke skulle Herøy kommune etter planen ha starta vaksineringa av neste risikogruppe, altså dei i alderen 75-79 år.

Planlegg vaksinasjon Kari-Janne Ljones Kulø (leiande helsesjukepleiar og vaksinasjonskoordinator), Siv Jensen (avdelingsleiar pleie og omsorg), Wenche Moltu (leiar servicetorg), Runa Bakke (leiar barn, familie og helse) og Bjørn Martin Aasen (kommuneoverlege).  Foto: Iselin Øvrelid/Herøy kommune

Nyhende

Neste veke skulle Herøy kommune etter planen få ein liten auke i vaksineleveransen, noko som i så fall ville bety at 220 personar ville få første vaksinedose då. I går ettermiddag, etter at denne artikkelen eigentleg var ferdig skriven, fekk vi elles vite at helsemyndigheitene stansar bruk av AstraZeneca-vaksinen. Årsaka er at ein ventar på ei avklaring om ein mogleg alvorleg biverknad