Ordførar Olav Myklebust med helsing til nyfødde sandssokningar

– Viktig med nye innbyggarar

«Gratulerer med ny verdsborgar!»

Til nye borgarar: Olav Myklebust har kjøpt inn ein heil haug med bodyar som skal delast ut til foreldre til nyfødde barn i Sande.  Foto: Foto: Thomas Amlien/Nærnett

Nyhende

Slik lyder helsinga på brevet frå ordføraren sitt kontor, som ligg ved den vesle gåva til kommunen sine ferskaste tilskot. Det er ein body i storleik 62 centimeter, med våpenskjoldet til Sande kommune og påskrifta «NY sandssokning» på framsida.