Vil ha framskunda tomtesalet på Bø

Kva skal til for å kome snarleg i gang med tomtesal i Bø/Arhaug bustadfelt? spør Runar Olsen i Herøy KrF.

INTERESSE: Sidan utbyggingskostnadene er kjende meiner Runar Olsen det bør vere muleg å fastsette tomteprisen, og kome igang med tomtesalet, allereie før feltet er ferdig utbygt.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Det er i eit grunngive spørsmål til ordføraren at KrF-representanten ber om fortgang i salet av tomter i det nye bustadfeltet på Bø. Medan kommunen vil vente med tomteprisinga til feltet er ferdig utbygd, ønskjer Olsen ei noko raskare avklaring på tomteprisen.

Sidan prisen for opparbeidinga er kjend få entreprenøren, trur og meiner eg det skal vere fullt muleg å fastsette tomtepris allereie no. Kostnadene med utbygging av avlaup er også kjende, skriv Olsen som er leiar av Bø og Sande grendelag.

Olsen viser til at det har meldt seg ti interesserte tomtekjøparar, og meiner den store interessa gjer det ikkje mindre aktuelt å få fortgang i salet. Å få inndekka kostnadene må også vere i kommunen si interesse, meiner han.

- Eg meiner det er svært viktig å imøtekome dei som no ønkjer å kjøpe tomt, skriv Olsen og ber ordføraren svare på om det er muleg å kome i gang allereie til påske.


Stor interesse for tomtene i Arhaug byggefelt:

Snart «utselt» før utbygginga er ferdig

Ni tomtekjøparar har meldt seg interesserte i Arhaug bustadfelt som vil ligge ferdig utbygt til sommaren.