Trur moglegheitene blir avgrensa på bygging i eit deponi

Norconsult sine konsulentar seier at eit deponi vil vere trygt med tanke på helse for folk og dyr, men at der truleg blir avgrensingar for kva ein får bygge på det.

Siv Sundgot: Senior prosjektleiar i Norconsult trur det blir vanskeleg å etablere bygningar med varig opphald på deponiet.  Foto: BJørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Då konsulentane frå Multiconsult og Norconsult vitja kommunestyremøtet måndag nytta lokalpolitikarane høvet til å spørje dei om kva ein kan bruke deponiet til, og ikkje minst om der er helsefarar knytt til deponi av forureina masser.