Ordførarane likevel nølande:

Dei under 20 år kan spele fotballkampar mot lag frå andre kommunar

Statsforvaltaren informerer kommunane i Møre og Romsdal at det er lov til å arrangere utandørs kampar og cupar for born under 20 år på tvers av kommunane. Ordførarane i Herøy og Sande er likevel avventane til å gje grønt lys.

Lovleg: Fotballkampar med deltakarar som er under 20 år, og over kommunegrensene, er mogleg og lovleg, men ein må halde eit auge med smittesituasjonen, varslar Statsforvaltaren. Her ein fin gjeng frå Gursken cup for eit par år sidan.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Nyleg sende dei sju ordførarane på Søre Sunnmøre ut ei pressemelding etter det som har vore oppfatta som eit forbod mot å arrangere til dømes treningskampar over kommunegrensene.