Har kjempa for innsyn i mange år

I fleire år har Inge-Jonny Hide og Høgre kravd meir og betre innsyn i korleis kommunen forvaltar midlane, spesielt når det gjeld investeringsprosjekt.

Inge-Jonny Hide: Høgre-politikaren har gjentekne gongar siste tjue åra utfordra kommunestyret og administrasjonen på å få innført rutinar på rapportering knytt særskilt til investeringsprosjekt. Foto: Endre Vorren 

Nyhende

– Men vi når ikkje fram. I dag er det overraskande nok også politisk motvilje mot å få best mogleg informasjon på bordet. Det hjelper ikkje å vere frustrert, men det er til å bli oppgitt over, seier Høgre sin leiar til Vestlandsnytt.