leiar.

Gir spekulasjonar om det ikkje vert rydda opp

I det offentlege er det ekstra viktig at det er stell på slikt, sidan det her dreier seg om forvalting av fellesskapen sine midlar, skriv redaktør Endre Vorren

Inge-Jonny Hide: Høgre-politikaren har gjentekne gongar siste tjue åra utfordra kommunestyret og administrasjonen på å få innført rutinar på rapportering knytt særskilt til investeringsprosjekt.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Fleirfaldige gongar sidan Inge-Jonny Hide vart valt inn i kommunestyret i Sande i 1999 har han stått på talarstolen og etterlyst meir informasjon og betre økonomiske styringsreiskapar for dei folkevalde. Han og Høgre, men til tider også fleire andre politiske grupper, har kjempa for meir innsyn særskilt når det gjeld investeringsprosjekt.

I fredagens avis peikar Hide på at det å ikkje ha heilt taket på desse prosjekta, gjer at politikarane ubevisst gir frå seg styringa, samstundes som det altså er dei folkevalde som sit med ansvaret. Hadde det skjedd i ei privat bedrift at styret ikkje fekk ut den informasjon dei naturleg nok skal ha eller konkret ber om, hadde det naturlegvis ha fått fylgjer for administrasjonen. I alle fall om det vart ein trend, slik det verkar som Sande har etablert på dette feltet.


Har kjempa for innsyn i mange år: – Forstå det den som vil

I fleire år har Inge-Jonny Hide og Høgre kravd meir og betre innsyn i korleis kommunen forvaltar midlane, spesielt når det gjeld investeringsprosjekt.


I det offentlege er det ekstra viktig at det er stell på slikt, sidan det her dreier seg om forvalting av fellesskapen sine midlar. Dessutan gir manglande eller mangelfull rapportering også grobotn for spekulasjonar, der nokon naturlegvis lurer på om det er einkvan som har noko å skjule. Det er ingen kommunar tente med, verken Sande eller andre.

Kommunedirektøren i Sande opplyser at kommunane på Søre Sunnmøre har på gang eit nytt økonomisystem som betre vil syne dei folkevalde korleis pengar til dømes til langvarige og kompliserte prosjekt vert nytta. Det er bra, og det syner at prinsippsaka frå Sande er aktuell for mange kommunar. Men det er samstundes skremmande at det går så treigt som det tydelegvis gjer i Sande med å få på plass gode rutinar. Sande bør – ikkje minst med omsyn til omdømet – snarast få på plass eit system slik at dei folkevalde, som altså har ansvaret, får eit godt bilde av situasjonen. Det skulle berre mangle.