Difor klagar kommunen på avgjersla i trusselsak

Sande kommune er ikkje nøgd med politiet si behandling av saka.

Sande legesenter: Ein episode som fann stad i lokala til legesenteret i november vart meldt, lagt vekk av politiet, og no har kommunen påklaga vektlegginga.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Som arbeidsgjevar for den fornærma legen vel vi å klage på avgjersla. Vi ber om ytterlegare etterforsking og at reaksjon blir vurdert på nytt, skriv kommunedirektør Anders Hammer i Sande i eit brev til politiet.