Formannskapet positive til forprosjekt for omsorgs- og utleigebustader i Sande, men …

– Må ikkje gape over for mykje

Lokalpolitikarane i Sande formannskap var langt på veg positive til forprosjektet som ligg føre om etablering av omsorgs- og utleigebustader i Sande. Kartlegginga er likevel veldig viktig, samt ei vurdering utifrå den økonomiske situasjonen til kommunen, meiner dei.

Sande formannskap: Tysdag førre veke var politikarane i Sande formannskap samla til møte. Då drøfta dei eit eventuelt forprosjekt for omsorgs- og utleigebustader i Sande. Sande kommune seier at ein i forhold til utleigebustader har store utfordringar med kapasiteten innan følgjande utleigegrupper: Bebuarar som kjem gjennom Nav-systemet, bebuarar som kjem gjennom psykiatrien, eldre bebuarar som ynskjer å bu nær Sandetun og førstegongsetablerarar. 

Nyhende

I eit 10-årsperspektiv har kommuneadministrasjonen sett at Sande kommune har eit aukande for behov omsorgsbustadar. Derfor ber dei no lokalpolitikarane i Sande om løyve til å kartlegge kvar «skoen trykker» og skissere opp ei eventuelt løysing til bustadetablering gjennom den såkalla «Hamarøymodellen».