Farleg trend blant Herøy-ungdommar:

Utfordrar til kvelingsleik

Måndag denne veka fekk beredskapsteamet i Herøy kjennskap til at gutar og jenter i ungdomsskulealder rusar seg ved kvelingsleikar og utfordrer andre til å gjere det same.

  Foto: Jan Vašek frå Pixabay

Nyhende

Den skumle leiken går ut på at ein hyperventilerer for så å røyse seg brått slik at ein svimar av. Slike episodar har vore filma og delt mellom ungdommar i lokalsamfunnet. Omfanget er uvisst.