Regjeringa går inn for «beskjeden skeivfordeling» av vaksiner:

Slik påverkar det Herøy: - Beklageleg, men vi må stole på fagfolket

Herøy-ordførar Bjørn Prytz er noko avmålt til regjeringa sin strategi om å skeivfordele koronavaksinane i landet. Han er likevel opptatt av at det er dei faglege vurderingane som skal vege tyngst. Kommuneoverlegen ser ikkje strategien som alarmerande og peiker på at det truleg ikkje får for store lokale konsekvensar.

Bjørn Prytz: Herøyordføraren og alle hans 25 ordførar-kollegaer i Møre og Romsdal kom nyleg med eit opprop om lik vaksinefordeling. Prytz var initiativtakar for oppropet.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Etter råd frå Folkehelseinstituttet kunngjorde regjeringa tysdag at dei går inn for å skeivfordele vaksinar basert på smittetrykk. Folkehelseinstituttet meiner at ei geografisk skeivfordeling av korona-vaksinar basert på høgt smittetrykk over tid, truleg vil føre til ein reduksjon i talet på infeksjonar, sjukehusinnleggingar og dødsfall nasjonalt. FHI peiker på det dei kallar ein «beskjeden form» for skeivfordeling der område med høgt smittetrykk over tid får 20 prosent fleire vaksinar. Då fordelar ein fleire vaksinedosar til dei kommunane som går over ein gitt terskelverdi.