Avgrensingar i aggregat-bruk på næringstomt

Sande kommune hadde nyleg eit møte med Paul Anders Roppen som driv næring på næringseigedomen i Kvernhusdalen på Larsnes. Bakgrunnen er at det har blitt klaga på støy og luftforureining frå bruk av eit dieselaggregat på tomta.

  Foto: VN

Nyhende

Kommunen er bekymra for mogleg ureining frå eigedomen. Til saka informerte Roppen om at anlegget har vore utan straum sidan september 2019, då Mørenett «tok straumen på grunn av mistanke om juks med straummålaren», som det heiter i møtereferatet.