Jordmor Sara Wiik frå Sande har engasjert seg sterkt i kampanjen «La partnar bli med på fødsel og barsel»:

No kjem Stortinget med klar melding

Som landsstyremedlem i Jordmorforbundet har Sara Fugledal Wiik kjempa for like retningslinjer for fødande over heile landet – og at partnarar skal få vere med på sjukehuset både før, under og etter fødsel.

Fødde under korona: Då vesle Magni kom til verda på Volda sjukehus 1. september i fjor, måtte pappa Kim Sætre vente ei god stund i bilen før han fekk kome inn til si fødande kone. Reglane er dei same over heile landet. Her ser vi familien nokre veker etter at mamma Sara Fugledal Wiik og babyen fekk kome heim til Haugsbygda, der storesyster Sina (no 3) venta i spenning. Arkivfoto: Josefine Spiro 

Nyhende

Jordmora frå Sande og ektemannen Kim Sætre opplevde sjølve å ta imot sitt ferskaste familietilskot, Magni, midt under pandemien. Ho vart fødd 1. september, akkurat då smittevernet var trappa litt opp igjen.