Eldrerådet med ros til ny bustadplan

Sande eldreråd er i store trekk veldig nøgd med administrasjonen sitt forslag til ny plan for etablering av bustadar for eldre og pleietrengande, – og til andre grupper.

Kari Ristesund: Meiner kommunen avgjort er på rett veg når ein no planlegg bustadar tilpassa folk i ulike aldrar og livsfasar, – for framtida.   Foto: Arkivfoto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Vi er glade for at kommunen gjennom ein slik plan ynskjer å vere i forkant av utviklinga, slik at vi ikkje opplever den situasjonen vi hamnar i for nokre år tilbake, seier eldrerådsleiar Kari Ristesund.