Ein alvorleg tankevekkar

Vatn: Illustrasjon 

Nyhende

LEIAR: Sidan fredag har det vore store utfordringar med vassforsyninga i regi av Herøy vasslag. Problema auka på i omfang i helga, og heldt fram ut gjennom veka. Måndag var ei rekkje skular og barnehagar stengde, fleire bedrifter vart råka, og vassmangelen førte til større og mindre praktiske utfordringar for folk flest.

Hendinga syner til fulle kor sårbart samfunnet er, og ikkje minst kor avhengige vi er av stabil og god vassforsyning. Utan vatn går det meste heilt i stå.

Vasslaget sine eigne folk, i tillegg til innleigd ekspertise, entreprenørar, Røde Kors, dykkarar og andre involverte har lagt ned ein kjempeinnsats for å få bukt med problemet. Det er det ingen som helst tvil om. Konklusjonen må likevel – dessverre – vere at opplegget ikkje kan seiast å vere godt nok. Det har teke overraskande lang tid å utbetre feila.

Dei store vanskane Herøy vasslag har opplevd med forsyninga siste veka bør vere gjenstand for ei ekstern evaluering. Mattilsynet kan vere ein nærliggande instans for å gå gjennom det inntrefte og vurdere kva ein kunne ha gjort annleis for ikkje å kome i denne situasjonen.

Vasslaget har sjølv vore inne på det; ein må ha back up-løysingar som tek høgde for å kunne forsyne kundane over ein lengre periode. Rett og slett ein fullgod plan B. Det ser det ikkje ut til å ha vore her.

Nyleg skreiv vi om Mattilsynet som gav Sande kommune påpakning for manglande reserveløysingar om noko skulle skje med forsyninga frå Sandvikvatnet.

I lys av det som har skjedd i Herøy, er det lett å forstå kvifor det er viktig med ein fullgod plan B. Vatn er så viktig og avgjerande for liv og helse, bedrifter og produktivitet, at her går det ikkje an å fire på krava.


Siste nytt om vassproblematikken i Herøy:

Har kalla inn dykkarar for å løyse vasskrisa

Problema med vassforsyninga er framleis ikkje over, og no prioriterer Herøy vasslag mellom anna bedrifter som må ha vatn for å produsere.



Framleis store problem med vassforsyninga i ytre Herøy

Herøy Vasslag melder onsdag morgon om at dei framleis har store problem med vassforsyninga til ytre Herøy.



Stenger fleire skular og barnehagar i Herøy på grunn av vassløyse

Forsyningskollapsen i Herøy vasslag fører måndag til ei rekkje stengde skular og barnehagar i ytre Herøy.