– NAV-brukarane får tenestene dei skal ha

Tysdag fekk formannskapsmedlemene i Herøy ei grundig innføring i NAV sitt arbeid, lokale statistikkar og overordna utfordringar som ein står over for dei komande åra.

Hilde Knotten Dyrhol: NAV-leiaren leverte ei grundig og svært informativ orientering. Ho tok føre seg både dei lokale tilhøva i Herøy, men løfta også fram ein del større problemstillingar som ho meinte var viktige for lokalpolitikarane å ha i mente.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

NAV-leiar Hilde Knotten Dyrhol stod for orienteringa. Som vi veit har ein lagt bak seg ei krevjande tid for det lokale NAV-tilbodet, med utfordringar når det kjem til handsaminga av sosiale tenester. Då Dyrhol kom inn i NAV Herøy/Vanylven i 2019 var ikkje det på eit punkt der ein kunne fokusere. Der var nesten 50 prosent sjukefråvær og det viktigaste som var i fokus var å sørge for at tenestene fungerte. No har situasjonen stabilisert seg, kunne ho informere lokalpolitikarane om.