Aurvoll og Furesund AS har blitt miljøfyrtårn

Aurvoll og Furesund AS vart denne veka offisielt sertifisert som miljøfyrtårn. Herøybedrifta ser fleire fordelar med dette kvalitetsstempelet.

F.v: Bjørn Prytz, Inger-Anne Berge, Sigita Prunskaite-Balkeviciene og Eivind Berge.  Foto: Thomas Sporsheim

Nyhende

– Dette er fyrst og fremst eit viktig symbol på at vi er ei verksemd som ønskjer å satse på miljø og berekraft, seier dagleg leiar Eivind Berge.

Saman med personal- og HMS-ansvarleg i bedrifta Inger-Anne Berge og Sigita Prunskaite-Balkeviciene tok dei imot blomar og skilt frå ordførar Bjørn Prytz måndag.

– For oss markerer dette ei endå tydlegare satsing på tre overordna punkt. Vi skal bli endå betre på sortering av avfall, energiforbruket i bedrifta og arbeidsmiljøet vårt, seier Berge til Vestlandsnytt.

Inger-Anne Berge får miljøfyrtårn-ansvaret for bedrifta. Ho fortel at dette medfører systematisk arbeid med planar for korleis deira verksemd skal kunne forbetre seg. Det gjeld altfor korleis dei kan sortere meir byggeavfall til korleis dei opererer med siste skrik på teknologifronten når det kjem til anleggsmaskiner og bilpark.

– Det viktigaste er at ein set ting system og at vi får mål vi kan forbetre oss etter. Det handlar om ei bevisstgjering i alle ledd av verksemda vår, forklarar ho.

Berge seier vidare at ho trur det vil ligge økonomisk gevinst i å satse på miljø og berekraft som dei no gjer. For det fyrste er miljøfyrtårnsertifiseringa noko ein kan skilte med for å vise miljøsatsing i anbodsprosessar.

– For det andre ligg der også pengar å bli spart når vi systematisk går gjennom verksemda for å finne til dømes energisparande tiltak, forklarar Berge før ho til slutt kjem med ei oppmoding til alle i næringslivet:

– Vi bør ha endå fleire verksemder i Herøy på lista over miljøfyrtårn.

Dei andre miljøfyrtårna i kommunen er Berg-Hansen Nordvest, Herøy Vgs., Meny, Thon Hotel, Runde Miljøsenter og Vinmonopolet.