Mjølstaneset eller Mjølstadneset?

No skal det avgjerast - forvirringa er stor

Kartverket ønskjer no å slå ein endeleg slutt i skrivemåten for åtte påklaga stadnamn i Herøy kommune. Men det har teke si tid.

Forvirrande: Både Nærøy og Nerøya blir nytta på Statens vegvesen sine tilvisingsskilt. 

Nyhende

Vålneset eller Voldneset, Nerøya eller Nærøya, Mjølstaneset eller Mjølstadneset er døme på vedtekne skrivemåtar som har blitt påklaga av kommune og privatpersonar i Herøy. Klagene skriv seg så langt tilbake som til 2002 og 2003 då Kartverket gjorde dei omstriddevedtaka.