Loddefest til 600 millionar

- Sjølv om det skulle bli ståande igjen nokre få tonn så blei loddefisket ved Island ein kjempesuksess.

Sjøbris: Med om lag 900 tonn er Sjøbris den som har fiska mest lodde av herøybåtane, eit kvantum som truleg har ein verdi på 12-13 millionar kroner. 

Nyhende

Slik kommenterer salsleiar Kenneth Garvik statusen for loddefisket ved Island - nokre få dagar før fisketida er ute for dei norske båtane. Søndag er siste fiskedagen, og sjølv om det då skulle stå igjen litt har loddefisket ifylgje Garvik uansett vore ei fantastisk oppleving.