Knut Arne Høyvik sitt forslag til nyord: Fødeforelder

Overskrifta kan bli eit fantastisk nyord som kanskje finn sin plass i både ordboka og i lovverket, dersom politikarane vil ha det slik, men det står att å sjå.

Mor­mor, el­ler fødefødeforelder? Skal det verken hei­te lens­mann el­ler mor­mor i framtida? Fre­dags­kå­sør Knut Arne Høy­vik har gjort seg opp no­kre tan­kar om det­te em­net.   Foto: Frå fil­men «Mor­mor og de åtte ungene» / Paradox Pro­duk­sjon AS

Las eg rett? Ja, det står der svart på kvitt; «menn som føder barn». Mamma Mia!

Nyhende

I ei utgreiing om den nye barnelova kjem eit utval med framlegg om å byte ut ordet mor og far med det kjønnsnøytrale ordet «fødeforelder». Barnelova skal oppdaterast og ei utgreiing er nyleg levert til barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad. Utvalet skriv bl.a. fylgjande, sitat: «Utvalget mener at det ikke byr på særlige problemer å bruke ordet «forelder» i stedet for «mor», «far» eller «medmor» i bestemmelsene i lovens kapittel 2», sitat slutt.