Klar tale frå samtlege ordførarar i Møre og Romsdal:

Godtek ikkje endra vaksinestrategi

Ordførane i Møre og Romsdal går sterkt imot at dei sentrale og tettast befolka områda i landet blir prioriterte i vaksinesamanheng.

Vaksine: Ordførarane i Møre og Romsdal vil ikkje ha noko av at andre delar av landet skal for-fordelast når det gjeld koronavaksine.  Foto: FHI

Nyhende

Den vedtekne vaksinestrategien må ikkje endrast, men ligge fast. Det krev samtlege ordførarar i Møre og Romsdal i eit opprop til Folkehelseinstituttet.