Sirène-innslag skal krydre Rein Alexander sitt bidrag i MGP-finalen

Det er duka for super reklame for damekoret Sirène – og Sande – under finalen i Melodi Grand Prix laurdag.

Gjøneset: Sirène-ne på innspeling i snøen på ytste Gurskøya. Laurdag vert det fin reklame for Rein Alexander sitt kjære område, under den norske finalen i Melodi Grand Prix.   Foto: Lars Nikolai Riksheim

Nyhende

Rein Alexander er som kjent ein av finalistane under finalen laurdag. Han har ei fortid som sandssokning, og med foreldre frå Hareid og Sande reknar Rein Alexander seg som sunnmøring.