Politimeister Ingar Bøen om lensmannskontor-lokalisering i Herøy:

– Kontrakten står ved lag

Politimeisteren i Møre og Romsdal Ingar Bøen seier at leigekontrakten med Herøy kommune om det nye lensmannskontoret i Fosnavåg står ved lag. Samstundes sonderer dei moglegheitene for ei samlokalisering i Myrvåg.

Lensmannskontor: Ingar Bøen seier at avtalen med Herøy om leige av kontor i det nye tilbygget til Herøy rådhus står ved lag. Ei eventuell samlokalisering i Myrvåg er noko som må skje i samspel med kommunen, forklarar han. Frå tidlegare, veit vi at dei andre kommunane på Ytre Søre er positive til ei samlokalisering og at dette også er eit ønskje frå politiet.   Foto: Endre Vorren

Nyhende

I eit innlegg i Vestlandsnytt si tysdagsavis denne veka kunne politimeister i Møre og Romsdal Ingar Bøen informere om korleis styrka budsjett har verka positivt inn på polititenestene i fylket og ute i distrikta.