Håper dei har kome fram til trafikktryggande-løysing:

Justerer rutetider for skulebussane på Nerlandsøya

Samferdselsavdelinga på fylkesnivå og Vy har lytta til innspela frå FAU og skulen på Nerlandsøya. Dei vil no gjere ei endring i rutetidene slik at bussen køyrer tidlegare utover vegen mot Kopperstad.

Bussjåførar er bekymra for tryggleiken til elevar som går langs vegen fram til Nerlandsøy skule. Dei ønskjer ikkje å køyre denne skuleruta om der ikkje blir gjort endringar for å trygge trafikksituasjonen. No håpar ein at ei justering av ruta vil gjere susen.  

Nyhende

Dette håper dei vil løyse den trafikale floka som har oppstått i området, med bussjåførar som nektar å køyre skuleruta frå Kvalsvika på grunn av trafikkfarlege situasjonar og mykje privatbilar kring skulen på Nerlandsøy.