Herøy-fiskar fekk millionfangst hos Norsk Tipping

Mannen var til sjøs på fiskeri då han vart uttrekt som Extra-kandidat hos Norsk Tipping.

Lukke på sjøen og lukke med spel: Herøymannen har gjort det skarpt på fiskefeltet. Tysdag vart han millionvinnar gjennom Norsk Tipping sitt Extra-spel.  Foto: Norsk Tipping

Nyhende

Då Norsk Tipping ringde og fortalde han at han var trekt ut til å bli tysdagskveldens Extra-kandidat, utbraut han: "Det er nesten så eg svimer av, det høyrest heilt fantastisk ut".