Onsdag morgon kom det ny melding frå vasslagsleiinga om at problema med vassforsyninga framleis ikkje er over. «Etter ei ny vanskeleg natt må vi framleis be alle om å spare maksimalt, sjølv om der er vatn i kranene», heiter de i meldinga som vasslaget gjekk ut med i dag tidleg.
Siste nytt om vassproblematikken i Herøy:
Har kalla inn dykkarar for å løyse vasskrisa
Problema med vassforsyninga er framleis ikkje over, og no prioriterer Herøy vasslag mellom anna bedrifter som må ha vatn for å produsere.
Onsdag føremiddag ligg Skarholmen og ved Fosnavåg Pelagic og ventar på å få starte lossinga av 200 tonn sild. Foto: Endre Vorren.
Nyhende