Har bede om trafikktryggingstiltak i Myrvåg – etterlyser handling:

– Vi er utolmodige

I fjor sende FAU, skulen og grendelaget inn fleire innspel til korleis betre trafikktryggleiken ved Møre barne- og ungdomsskule i Myrvåg. No etterlyser dei handling og politisk gjennomslag.

Ber om tiltak: Denne gjengen, skuletilsette, FAU og grendelaget i Myrvåg, ber om at ein får gjennomført trafikktryggande tiltak kring Møre barne- og ungdomsskule. Her ser vi (f.v.) Knut Einar Tokheim, Linn Renate Røyset, Geir Tjervaag, Henriette Sjåstad og Asbjørg Muren Ulvund avbilda i eit av kryssa dei ønskjer å få tydlegare merka. Spesielt på vinterstida er det behov for tiltak i dette krysset meiner dei. Mange elevar kryssar vegen på veg frå busshaldeplassen. 

Nyhende

– Det er ikkje snakk om korkje gå-tunnel eller store gangvegprosjekt. Nokre skilt og eit par overgangsfelt, så hadde situasjonen langt på veg vore løyst. Det treng ikkje koste skjorta.